Vil du fortelje dei gode historiene?
Avisa Nordhordland AS

Vil du fortelje dei gode historiene?

Avisa Nordhordland AS
Avisa Nordhordland er ei nynorskavis som vart etablert i 1974. Avisa har fem faste tilsette, to frilansarar og jobbar også tett saman med Amedia sine to lokale medierådgivarar. Redaksjonen og medierådgivarane held til i nye og trivelege lokale sentralt plassert i Knarvik senter. Vårt primære dekningsområde er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Gulen. Nettavisa nordhordland.no blir oppdatert kontinuerleg, medan papiravisa kjem ut onsdag og laurdag. Avisa Nordhordland er ein del av Amedia-konsernet.

Me er på jakt etter deg som alltid er på utkikk etter dei gode nyheitssakene, er flink til å komma tett på folk og ønskjer å fortelja historiene på ein levande og engasjerande måte.

Du må ha interesse for den digitale journalistikken og har lyst til å verta ein del av den dyktige og ambisiøse redaksjonen vår. 

I tillegg til å vera skrivande journalist, vil du òg kunna komma til å jobba med video, foto og direkteoppdateringar.

Me reknar ikkje med at du kan alt frå første dag, men du må vera motivert for å læra deg nye verktøy og arbeidsoppgåver.
 

Me ser etter deg som:

  • Er motivert for å utvikla deg som journalist
  • Har ein del journalistisk erfaring
  • Er engasjert, likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og er kreativ
  • Meistrar nynorsk
  • Vert motivert av at dine saker vert lesne, men óg heiar fram andre for å nå felles mål
  • Er glad i eit godt fellesskap med gode kollegaer, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har førarkort på bil, likar å vere på farten, og trivst i møte med folk

Har du lyst på jobben, men kan ikkje haka av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning, vilje og talent.


Me tilbyr:

  • 100% midlertidig stilling, i fast turnus
  • Ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt
  • Ei viktig rolle i ei lokalavis som har ambisjonar og skal bety noko for folk
  • God journalistisk erfaring og hjelp til å utvikla av kompetansen din
  • Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom Amedia, det leiande lokalaviskonsernet i landet.
  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett

Det er ein fordel om du har lokalkunnskap, og kjenner Nordhordland som region.

Spørsmål om stillinga kan rettast til ansvarleg redaktør Vegard Flatøy (tlf. 92678283) eller klubbleiar Synne Grimen Hammervoll (tlf. 41626272).

Varigheit: 6 månader.

Søknadsfrist snarest.



Om stillingen

Firma Avisa Nordhordland AS
Sted Kvernhushaugane 12
By ISDALSTØ
Fylke Vestland
Nettside Klikk her
Arbeidstittel Journalist
Tiltredelse 1. januar 2024
Stillinger 1
Jobreg ID 354537
Søknadsfrist Snarest

Vis min interesse
Lagre

Opprett jobbsøk-profil

Ved å opprette profil i Jobreg blir du tilgjengelig i søket for en rekke rekrutterere og bedrifter som ser etter kandidater. Registrering i Jobreg er gratis!

Opprett profil
Kontaktperson
Vegard Flatøy
Ansvarlig redaktør
vegard.flatoy@nordhordland.no
1 Ledige stillinger

Søk her Tilbake