Bygg framtida med oss – du får leie utviklinga av byggesaksområdet i ein kommune i vekst
Austevoll kommune

Bygg framtida med oss – du får leie utviklinga av byggesaksområdet i ein kommune i vekst

Austevoll kommune
Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke med om lag 5400 innbyggarar og svært høg næringsaktivitet – særleg innan sjømat og havbruk. Kommunen har eit sterkt fokus på berekraftig utvikling, kvalitet i tenestene og profesjonell forvaltning. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Vil du vere med og skape ein effektiv, framtidsretta og brukarvenleg byggesaksavdeling? Austevoll kommune søkjer ein tydeleg og samlande leiar for byggesak – ein som vil setje retning, byggje kultur og sikre god samhandling med innbyggjarar, næringsliv og resten av organisasjonen.

Som leiar for byggesak får du det overordna ansvaret for byggesaksområdet i kommunen, inkludert leiing av teamet, fagleg utvikling, og vidareutvikling av arbeidsprosessar. Du vert ein sentral del av leiargruppa for samfunnsutvikling og får høve til å påverke korleis kommunen møter både næringslivet sine utviklingsbehov, politiske ambisjonar og innbyggjarane sine behov.

Dine viktigaste ansvarsområde:
  • Sikre god dialog og tilgjenge for innbyggjarar og næringsliv
  • Bidra til digitalisering og effektivisering
  • Samhandling med planavdelinga og andre fagmiljø for heilskapleg arealforvaltning
  • Tett dialog med politisk leiing, førebu saker for politisk behandling og delta i politiske møte
  • Budsjett-, personal- og fagansvar for eininga
  • Sikre at byggesaksbehandlinga følgjer lovkrav og fristar
  • Vidareutvikle rutinar, praksis og digitale løysingar

Kven er du?
Vi ser etter ein strategisk og utviklingsorientert leiar som er flink til å motivere og byggje relasjonar. Du har ein leiarstil som byggjer på tillit og meistring, og du trur på at ansvar og handlingsrom gir dei beste resultata. Du har evne til å stå støtt i krevjande saker, samstundes som du ser verdien av godt samarbeid og open dialog.
Du har:
  • erfaring med leiing, gjerne frå offentleg forvaltning eller byggjesektoren
  • god forståing for plan- og bygningslova
  • erfaring med endringsprosessar, digitalisering og effektivisering
  • evne til å balansere faglege krav, politiske føringar og brukaromsyn
  • sterke kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg


Kvifor Austevoll kommune?
Austevoll er ein framtidsretta øykommune med høg aktivitet og sterke næringar. Her får du jobbe i eit moderne kommunehus på Storebø, i eit fagmiljø som vil framover, i ei leiargruppe prega av velvilje og tett samarbeid og i eit politisk landskap der det er korte avstandar frå idé til vedtak. Vi verdset initiativ, fleksibilitet og robustheit.
Vi tilbyr:
  • Ei sentral rolle i utviklinga av ein kommune i vekst
  • Moglegheit til å sette retning for byggesaksområdet
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Fleksible løysingar for pendlarar og hybrid arbeid

Praktisk info og kontakt
Arbeidsstad: Kommunehuset på Storebø
Stillingstype: 100 % fast stilling
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 05.09
Spørsmål om stillinga?
  • Morten Myhren, rådgjevar i Human AS – tlf. 48 22 46 60

 

About the job

Company Austevoll kommune
Place Birkelandsvegen 2
City Storebø
County Vestland
Webpage Click here
Title Leiar byggesak
Jobs 1
Jobreg ID 447142
Deadline 05.09.2025

Show my interest
Save

Create job search profile

By creating a profile in Jobreg you will be available in the search for a number of recruiters and companies that are looking for candidates. Registration in Jobreg is free!

Create profile
Contact persons
Morten Myhren
Manager - Bergen
morten@human-as.no
1 Available jobs

Anne Stine Fløtre
Consultant – Research & Marketing
annestine@human-as.no
1 Available jobs

Apply here Back