Er du vår nye anleggsleiar?
VOLDA MASKIN AS

Er du vår nye anleggsleiar?

VOLDA MASKIN AS
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 73 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.
Vi ser etter deg som har evne til å leie våre anlegg på ein stødig og god måte. Di oppgåve vil vere å planlegge og gjennomføre effektiv drift, og du vil ha ansvar for leiing av menneskelege og materielle resursar. Oppfølging av innkjøp, leveransar og underentreprenørar inngår også i rolla. Du må kunne arbeide sjølvstendig men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.

Dine kvalifikasjonar:
  • Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Arbeidet kan medføre behov for både reising og bortebuar på prosjekt.
  • Løysningsorientert, sjølvstendig og evne til å ta ansvar.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsbransjen.
  • Utdanning eller kursing innan anleggsleiing. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
  • Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B og BE.
  • Det er ein fordel om du har kompetansebevis M2,M4 og M6


 Vi kan tilby:
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Margrete Høydal, e-post margrete@voldamaskin.no.
Søknadsfrist er snarleg. Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.

Työpaikasta

Yritys VOLDA MASKIN AS
Paikka Furene 42
Kaupunki Ørsta/volda
Lääni Møre og Romsdal
Verkkosivu Click here
Työnimike Anleggsleiar
Lisäys Snarest
Palkka Etter avtale
Työpaikat 1
Seuraa meitä
Jobreg ID 432545
Takaraja 20.06.2025

Show my interest
Tallenna

Luo työnhakuprofiili

Luomalla Jobreg-profiilin olet löydettävissä useiden rekrytoijien ja yritysten hauissa, jotka etsivät ehdokkaita. Jobreg rekisteröityminen on ilmaista!

Luo profiili