Save job
By saving the job you can easily access a list of saved jobs for later inspection.
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og starta mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i 2024. No søker vi etter ein dyktig og engasjert geolog med kompetanse i praktisk gruvedrift, som vil vere med å bygge opp drifta frå grunnen av. Dette er ei stilling som gir deg ein unik moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogittmalm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet inkluderer dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipingsanlegg, der geologen vil spele ei sentral rolle i både dagleg drift og langsiktig utvikling.
For å styrke teamet søker vi etter ein kunnskapsrik og løysingsorientert geolog som kan bidra til å optimalisere ressursutnyttinga og sikre berekraftig drift. Du vil jobbe tett med fagpersonar frå fleire disiplinar og vere ein nøkkelperson i utviklinga av prosjektet.
Du vil bli ein del av eit nytt team på ca 80 tilsette frå fire kontinent, med eit breitt spekter av bakgrunnar og erfaring. Vi er stolte av å ha ei jamn kjønnsfordeling, noko som er unikt i vår bransje.
Send inn ein enkel søknad i dag! Vi vurderer kandidatar og kallar inn til intervju fortløpande.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontakt Svein Erik Haugan så får du meir informasjon.
sveinerik@teamnorso.com | Tlf 966 45545
TEAM NORSO hjelper Nordic Mining og Engebø Rutile and Garnet med å finne den rette kandidaten til denne stillingen.
Company | ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS |
Place | Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal |
City | Førde |
County | Vestland |
Webpage | Click here |
Title | Senior Geolog |
Accession | Snarest |
Salary | Etter avtale |
Jobs | 1 |
Jobreg ID | 414062 |
Deadline | Vi vurderer søknader fortløpende |
By creating a profile in Jobreg you will be available in the search for a number of recruiters and companies that are looking for candidates. Registration in Jobreg is free!
Create profile