Kommunedirektør
VÅGÅ KOMMUNE

Kommunedirektør

VÅGÅ KOMMUNE
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt i det norske fjellandskapet. Det populære turmålet Besseggen ligg i kommunen. Her finn du noko av det vakraste som finst av norsk kulturlandskap og gamle tømmerhus. Vi har eit levande og variert næringsliv med hovudvekt på landbruk, turisme, bygg og anleggsverksemd. Vi har gode oppvekstvilkår, med full barnehagedekning og ein god skule. Vi har eit rikt kulturliv og er ein kommune med lang erfaring på å invitere til ulike kulturarrangement.
Vi søkjer ein strategisk og nytenkande person som vil vera med å drifte og utvikle Vågå kommune. Kommuneadministrasjonen er liten, med kort avstand mellom dei enkelte delane av drifta og administrasjonen. Vågå kommune er ein organisasjon -både politisk og administrativt- med stort engasjement, stor takhøgde og innsatsvilje.


Ansvarsområde:
  • Kommunedirektøren har det overordna administrative ansvaret i kommunen og skal leie og utvikle heile verksemda til kommunen
  • Byggje vidare på ein felles kultur for inkludering og samskaping, både internt og eksternt
  • Sørge for god økonomisk styring og måloppnåing
  • Leie utviklingsprosjekt og leggje til rette for samhandling på tvers av einingar
  • Leggje fram saker for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak
  • Sikre god kommunikasjon og service til innbyggjarane
  • Vidareutvikle interkommunalt og regionalt samarbeid
  • Leie partssamarbeidet med dei tilsette sine representantar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Brei leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
  • Relevant høgare utdanning. Lang og brei leiarerfaring kan kompensere for kravet
  • God økonomiforståing
  • Du er ein samlande og tydeleg leiar som evnar å motivere, inspirere og inkludere
  • Erfaring og kompetanse frå endringsprosessar og strategisk arbeid
  • Innsikt i offentleg verksemd og forståing for politiske prosessar og samspelet mellom administrasjon og politikk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi kan tilby ei utfordrande og spanande leiarstilling, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i vidare utvikling av kommunen. Løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknadsfrist: 13. august

For spørsmål, kontakt ordførar Harald Sve Bjørndal, tlf. 913 55 807, e-post: harald.sve.bjorndal@vaga.kommune.no eller Hege Svendsen hos FREMO Rekruttering, tlf. 905 87 920,
e-post: hege.svendsen@fremogruppen.no

Alle førespurnader til FREMO Rekruttering blir handsama konfidensielt, òg overfor oppdragsgjevar dersom ønskjeleg, i den innleiande fasen.



 

About the job

Company VÅGÅ KOMMUNE
Place Edvard Storms veg 2
City VÅGÅ
County Innlandet
Webpage Click here
Title Kommunedirektør
Accession Etter avtale
Jobs 1
Jobreg ID 444567
Deadline 13.08.2025

Show my interest
Save

Create job search profile

By creating a profile in Jobreg you will be available in the search for a number of recruiters and companies that are looking for candidates. Registration in Jobreg is free!

Create profile
Contact persons
Hege Svendsen
Daglig Leder
hege@fremogruppen.no
12 Available jobs


Apply here Back