Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?
Voss Herad

Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?

Voss Herad
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16 500 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande - inkluderande https://voss.herad.no/politikk-og-administrasjon/jobb-hja-oss/kvifor-voss/

På vegne av Voss herad søkjer me etter

Kommunalsjef oppvekst 


Me søkjer ein samlande leiar som vil vera sentral i den vidare utviklinga av kommunalavdeling oppvekst samt bidra i rådmannen si leiargruppe. Me søkjer ein kommunalsjef som er analytisk og strategisk, som også trivst i ei synleg rolle og ein operativ kvardag. 

I godt samspel med politikarar, leiarar og tillitsvalde skal kommunalsjefen arbeida for heilskaplege, effektive og berekraftige tenester til innbyggjarane våre. Samhandling på tvers av fag og organisasjon står sterkt. Kommunalsjefen må som leiar bruka ressursane rundt seg godt, og bidra i arbeidet med å byggja ein felles kultur i organisasjonen. 

Kommunalsjefen har ansvar for god og effektiv drift av kommunalavdelinga innanfor rammer lagt i planar, budsjett, lov- og regelverk. Kommunalsjefen rapporterer til rådmannen og er ein del av rådmannen si leiargruppe. 

Kommunalavdeling oppvekst har 670 tilsette og eit budsjett på kr 615 mill. Kommunalsjefen har det strategisk overordna administrative ansvaret for drift og utvikling av tenesteområda barnehage, grunnskule og barne- og familietenestene i nært samarbeid med tre dyktige områdeleiarar. Avdelinga sin organisasjon er i seinare tid evaluert, og det er forventa at den nye kommunalsjefen klarar å byggja og forbetra organisasjonen i tråd med tilrådingane i rapporten.

Vår nye kommunalsjef må vera ein engasjert lagspelar og lagbyggjar som har evne til å inspirera og motivera. Du er ein trygg og tydeleg leiar som er samlande. Gjennom involvering og delegering skapar du oppslutnad om mål, prosess og resultat i gjennomføring av vedtekne strategiar. For å lukkast i å nå måla våre, er det viktig med eit godt samarbeid mellom kommunalområda. I Voss herad praktiserer me meistringsorientert leiing i ein tillitsbasert organisasjon.

Me ynskjer søkjarar med høgare utdanning innan relevante fagområde i kommunalavdelinga, og gjerne med leiarutdanning. Vidare må kandidaten ha leiarerfaring og økonomiforståing med dokumenterte gode resultat. God kjennskap til kommunal forvaltning og samspelet mellom politikk og administrasjon er ei føremon. Stillinga krev god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Det vil bli lagt stor vekt på at kandidaten sine personlege eigenskapar underbyggjer forventningane til stillinga.

Me tilbyr 
Spanande og varierte oppgåver i eit godt, tverrfagleg og sosialt miljø. Det vil til tider vera ein hektisk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling. Her vil du få arbeida med Voss herad sine utfordringar og moglegheiter saman med dedikerte og fagleg sterke kollegaer.  

Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
  
Dersom dette er interessant for deg, er du velkommen til å ta kontakt med vår samarbeidspartnar for rekruttering Jefferson Wells: Torill Eidsheim eller Anette Hansen. 
Registrer søknad og CV seinast 23. mai 2024. 

Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at opplysningar om søknaden kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil i så fall bli varsla om dette i førekant. 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du fleire, spanande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Om stillingen

Firma Voss Herad
Sted Voss tinghus Uttrågata 9
By Voss
Fylke Vestland
Nettside Klikk her
Arbeidstittel Kommunalsjef oppvekst
Stillinger 1
Jobreg ID 369084
Søknadsfrist 23.05.2024

Vis min interesse
Lagre

Opprett jobbsøk-profil

Ved å opprette profil i Jobreg blir du tilgjengelig i søket for en rekke rekrutterere og bedrifter som ser etter kandidater. Registrering i Jobreg er gratis!

Opprett profil
Kontaktpersoner
Anette Hansen
Leder rekruttering Sør-Vest
anette.hansen@jeffersonwells.no


3 Ledige stillinger


Søk her Tilbake