Vi ser etter fleire flinke medarbeidarar til vår verkstad!
VOLDA MASKIN AS

Vi ser etter fleire flinke medarbeidarar til vår verkstad!

VOLDA MASKIN AS
Volda Maskin har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 70 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.

Vi vil auke bemanninga på verkstaden vår og søker etter:

 

Verkstadleiar/Mekanikar og Anleggsmaskinmekanikar

 

Verkstadleiar/Mekanikar: Du har ansvar for oppfølging av reperasjonsbestillingar frå maskinførarar/sjåførar og arbeidsfordeling til mekanikarane. Arbeidet vil også vere operativt, med reperasjonar på bilar og maskiner. Du vil i tillegg ha ansvar for fleire arbeidsprosessar på verkstaden vår, blant anna halde oversikt over delebestilling og forbruksmateriell til verkstad/lager, servicar/ PKK på bilane og sertifisering av maskinpark.

 

Anleggsmaskinmekanikar: Vedlikehald/reperasjonar av maskinpark, lastebilar, hengarar og småmaskiner. Arbeidet vil utførast både på verkstad og ute på anlegg.

 

Kvalifikasjonar:

  • Løysningsorientert, sjølvstendig, evne til å ta ansvar og sikre effektiv framdrift.
  • Stor arbeidskapasitet og samarbeidsvilje.
  • Fagbrev innanfor relevant fagområde.
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kan vege opp for manglande formell kompetanse.
  • Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B, BE og truckførarbevis.
  • Tilleggskompetanse t.d. C/CE og maskinførarbevis er ønskeleg men ikkje eit krav.

 

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

 

For meir informasjon og innlevering av søknad og CV, sjå vår nettside www.voldamaskin.no eller kontakt Margrete Høydal, e-post margrete@voldamaskin.no.

 

Søknadsfrist er snarleg. Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.



Om stillingen

Firma VOLDA MASKIN AS
Sted Furene 42
By Ørsta/volda
Fylke Møre og Romsdal
Nettside Klikk her
Arbeidstittel Verkstadleiar/Anleggsmaskinmekaniker
Tiltredelse Snarest
Lønn Etter avtale
Stillinger 2
Følg oss på
Jobreg ID 375464
Søknadsfrist 21.05.2024

Vis min interesse
Lagre

Opprett jobbsøk-profil

Ved å opprette profil i Jobreg blir du tilgjengelig i søket for en rekke rekrutterere og bedrifter som ser etter kandidater. Registrering i Jobreg er gratis!

Opprett profil