Vil du videreutvikle ei av Norges leiande merkevare innan regntøy?
Kattnakken AS

Vil du videreutvikle ei av Norges leiande merkevare innan regntøy?

Kattnakken AS
Kattnakken AS blei etablert i 2013 og designer klede som blir selde på nett og hos forhandlerar i inn og utland. Firmaet held til i lokaler på Vabakkjen 6, og her finn du også Lagerbutikken vår. Me er i dag 10 tilsette og har eit veldig godt arbeidsmiljø som me håpar du vil trivast i.
Kattnakken har sidan etableringa i 2013 opplevd stor vekst og kan langt på veg kallast ein suksesshistorie. Dei siste fem åra har selskapet årleg vorte kåra til gassellebedrift. Gründer, Silje Vatna Ersland, sitt lekne design og vektlegging av høg kvalitet på produkta har blitt omfamna av ei stadig større brukargruppe. I dag er Kattnakken den leiande merkevara innan regntøy i Norge.  

Frå lager- og butikklokala på Vabakkjen på Stord går det dagleg ut leveransar til over 130 butikkar, for ikkje å nemne alle privatkundar og verksemder som handlar direkte i nettbutikken. Truleg finnes det og ein marknad utanfor riksgrensene i åra som kjem.

Gründer skal no vie all si merksemd til design og produktutvikling. Vi søkjer derfor ein dagleg leiar som vil leie Kattnakken si vidare vekst og utvikling. Som leiar vil du tilføre verksemda auka kapasitet og kompetanse på leiing. Du vil bidra til å profesjonalisere drifta og istandsette verksemda til å utnytte dei moglegheitene som ligg for vidare utvikling. Dette vil du gjere saman med dyktige og engasjerte medspelarar innan design, marknadsføring og sal, kundeservice og lager.

Du har god forretningsteft, er kommersielt orientert og evner å sjå heilskapleg på verksemda sine samla aktivitetar. Du er trygg nok til å ta styringa samstundes som du lyttar og anerkjenner andre. Du er godt kjend med økonomistyring og leiing og synes det er spanande å kunne leie ei verksemd som dekkjer verdikjeda gjennom design, produksjon, sal og kundeservice.

DINE OPPGAVER OG ANSVARSOMRÅDER:
  • Heilskapleg ansvar for drift, økonomi og personal
  • Sikre god økonomistyring og lønsam drift
  • Være ein pådrivar for kontinuerleg forbetring og utvikling
  • Overordna oppfølging av aktivitetar i ulike salskanalar og samarbeidspartnarar
  • Være ein sentral bidragsyter til verksemda si strategiske utvikling
  • Bidra til å bygge god kultur med høg trivsel og eit godt arbeidsmiljø

DIN KOMPETANSE:
  • Du har ønskjeleg høgare utdanning innan økonomi, leiing eller sal/marknad
  • Du har leiarerfaring, fortrinnsvis fra varehandel, drift eller produksjonsverksemd
  • Du har god forretningsforståing og erfaring med økonomistyring og personalleiing
  • Du er ein kremmar med sterkt kundefokus
  • Du er strukturert og har god gjennomføringsevne

Vil du høyre meir om verksemda og stillinga? Sjekk ut denne stillingspodkasten:


Har du spørsmål eller ønsker du ein fortruleg samtale om stillinga?
Våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter (958 82 299) og Odd Arild Sævik (450 21 995), tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell samtale med deg. Spørsmål kan også rettast til styrets leiar, Tor-Olav Sunde (906 11 891) eller gründer og eigar, Silje Vatne Ersland (934 89 658).

Alle førespurnader handsamast fortruleg, òg i møte med oppdragsgjevar i ein tidleg fase dersom dette er ønskeleg.

Om stillingen

Firma Kattnakken AS
Sted Vabakkjen 6
By Stord
Fylke Vestland
Nettside Klikk her
Arbeidstittel Dagleg leiar
Tiltredelse Etter avtale
Stillinger 1
Følg oss på
Jobreg ID 376411
Søknadsfrist 20.05.2024

Vis min interesse
Lagre

Opprett jobbsøk-profil

Ved å opprette profil i Jobreg blir du tilgjengelig i søket for en rekke rekrutterere og bedrifter som ser etter kandidater. Registrering i Jobreg er gratis!

Opprett profil
Kontaktpersoner
Edvard Thormodsæter
Partner
+4795882299
edvard@human-as.no


2 Ledige stillinger


Søk her Tilbake